Du er her:
Heim
/ Artikkel
Heim
Om Åsnes
Nyheiter
Produkt
Nettbutikk - White Planet
Turar og ekspedisjonar
Råd og tips
Lenker
Vanlege spørsmål - FAQ
Kontakt
Denne sesongen lanserar me tre nye skimodellar. Desse skia er Åsnes Liv Fjellski, Åsnes Cecilie Fjellski og Åsnes Breidablikk Jaktski.
Her kan du lese litt meir detaljar om skia. Dei blir gjort tilgjengelege i nettbutikken litt ut på hausten (oktober/november):
Breidablikk Jaktski
Skia passar perfekt til krunglete bakkar og har samtidig eit fint gåspenn. Med god bereflate i tillegg har du ei ypparleg ski for jegerar og hundeeigarar. Skia kan leverast i to modellar, med og utan Åsnes sin patenterte fellelås.
Lengder: 180 – 200(10) cm
Breidde: 86 62 74 mm
Vekt: 2 150 g (200 cm)
Fellelås inkludert: Kan velge med eller utan fellelås
Stålkant: Nei
Sole: Smørbar
Liv Fjellski
Skia er utvikla i samarbeid med Liv, basert på den populære Amundsen-skia. Ei ski for lange fjellturar med oppakning. Lengdestiv og eigna til å trekkje pulk. Skispennet er tilpassa damer, og den markerte smørjelomma bevarar festevoksen lengst mogleg. Skia er eit naturleg val for ekspedisjonsfararar og kan sjølvsagt leverast med Åsnes sin patenterte fellelås.
Lengder: 170 - 180(5), 187, 194 cm
Breidde: 67 57 62 mm
Vekt: 1 950 g (180 cm)
Fellelås inkludert: Ja (Kortfeller kan kjøpast separat)
Stålkant: langs heile lengda
Sole: Smørbar
Cecilie Fjellski
Skia er utvikla i samarbeid med eventyraren Cecilie Skog som er ein av dei fremste natureventyrarane vi har i Noreg. Ho er kjend som ein ivrig polfarar og klatrar. Ho er den einaste kvinna som har nådd toppen på alle sju kontinent (Seven Summits) og har dessutan nådd både Sør- og Nordpolen.
Den nye fjellskia er brei og har god innsving, noko som gjer den lettsvinga med gode flyteeigenskapar. Den nye Cecilie skia har heil stålkant og eit moderat gåspenn, og er difor ideell for jenter. Skia vert levert med Åsnes sin patenterte fellelås.
Ei kjøyreglad og optimal fjellski for turglade jenter. Passar like godt til lange turar som til leik i kvite fjellsider.
Den nye skia har vore testa av Cecilie over Grønland og neste ekspedisjon går til Sydpolen denne hausten.
Lengder: 170 – 190(5) cm
Breidde: 76 56 66 mm
Vekt: 2 000 g (180 cm)
Fellelås inkludert: Ja (Kortfeller kan kjøpast separat)
Sole: Smørbar
Stålkant. Ja, i heile skia si lengde
(03.12.2009)