Du er her:
Heim
/ Artikkel
Heim
Om Åsnes
Nyheiter
Produkt
Nettbutikk - White Planet
Turar og ekspedisjonar
Råd og tips
Lenker
Vanlege spørsmål - FAQ
Kontakt
Gløym fiskebein og bakglatte ski - men behald gli- og styreeigenskapane. Medan ein langfell normalt må fjernast før du køyrer nedoverbakke, kan du behalde kortfellen på. Alle våre fjell-, tur- og toppturski kan leverast med integrert fellelås for kortfell.
Held ved lag skias gli- og svingevne
I motsetning til langfellen ligg kortfellen berre i smørjelomma. Du får dermed godt feste, samstundes som du held gli- og svingevna til skia ved lag ved at glisonene framme og bak på skia ikkje er i kontakt med fellen. Du slepp å ta fellane på og av i varierande terreng.
Velprøvd og patentert system
Åsnes sin fellelås og kortfell er vidareutvikla og testa over fleire år i den norske fjellheimen og under ekstreme arktiske forhold av mellom anna Liv Arnesen. Montert er fellen låst og stabil. Fellelåsen er heilintegrert i solen, så skia kan voksast og behandlast på vanleg måte. Kortfellen festar og fjernar du med eit enkelt grep.
1. Set fellen i fellelåsen
2. Klem fellen mot solen
3. Fellen er på plass
(03.12.2009)