Det er mangt folk lurer på i samband med Åsnes og Åsnes-ski. Her har me lagt ut dei oftast stilte spørsmåla med svar.
Åsnes kortfeller kjem i 3 breidder, 35mm, 45mm og 60mm.
Til våre junior tur-/fjellski, Vetlenuten, er det 35mm som gjeld.
Til våre turski, Holmenkollen og Vikafjell brukar du 35mm fell.
Til Sondre og Amundsen kan du òg nytta 35mm, men mange føretrekkjer ei breiare fell, 45mm.
Til Ingstad og Combat brukar dei fleste 45mm, men du kan også nytta den breiare 60mm.
For våre toppturski, Storetind og Vetletind er det 60mm som høver best.
Alle våre kortfeller vert levert i standard lengde, 70cm. Du tilpassar sjølv den lengda du vil ha på fellene.
Åsnes er kjend for å lage solide og gode ski som tåler ein støyt. Det er ikkje utan grunn at t.d. folk som Rune Gjeldnes og Liv Arnesen vel Åsnes-ski til sine lengste og mest krevjande ekspedisjonar i polare strøk.
Men det polar-eventyrarane veit, og det som alle skibrukarar bør vite, er at dei ulike skitypane og modellane er laga for spesielle bruksområde, og at ein må vise stor varsemd dersom ein må bruke skia under tilhøve som dei ikkje er konstruert for.
Alle ski kan nemleg verte øydelagte om dei vert utsette for påkjenningar som dei ikkje er laga for.
Når ein skal utvikle ein ny skimodell, så er det bruksområdet som ligg i botn, og kva eigenskaper som skal ”byggast inn ” i skia for at ho skal verte best mogeleg til det tenkte bruksområdet. Mellom anna vil det ofte verte ei avveining mellom styrke og vekt.
Om du til dømes bruker ei fjellski med gå-spenn i hoppbakken, og landar bak på skia, så er det sannsynleg at skiene vil brekke. Men om vi hadde brukt meir glasfiber-armering i skia, så ville dei truleg ha tålt påkjenninga. Men skiene ville vorte tyngre, og eigenskapane som gå-ski ville vorte dårlegare. Amundsen – og forløparen Rago – er t.d. ikkje laga for å hoppe i bakkar. Men skia har vist at dei har dei rette eigenskapane, og rett styrke, for lange og strabasiøse turar i polare strøk, ofte under ekstremt vanskelege terrengforhold. Og det er vel knapt nokon som kan tenkje seg å leggja ut på ein polarekspedisjon med hoppski på beina, sjølv om ein veit at skia har ein styrke som gjer at dei vil tåle nesten kva som helst av påkjenningar.
Heldigvis er det skjeldan at Åsnes-ski brekker. Men når det skjer, så er det gjerne fordi skiene har vore brukt utanom det tiltenkte bruksområdet. Ein skal også vere klar over at ei glasfiberski faktisk kan brekke utan at brukaren merker det i først omgang. Sjølv om trekjerna har fått ein knekk, til dømes i eit hopp, så vil ofte glasfiberarmering, epoxylim, sole, cap og stålkant, sørge for at skia heng saman og ikkje mister formen med det same. Vi har røynsle for at skiløparar har hatt ei oppleving av at ei ski har brekt på flat mark, eller under forsering av ei grøft – ei påkjenning som sjølvsagt alle ski skal tåle. Men når vi undersøker saka nærare, så syner det seg gjerne at skiene tidligare, kanskje dagen før brukaren opplevde at skia knakk, nettopp har vore utsett for ei unormal belastning – utanom det tiltenkte bruksområdet.
Åsnes er representert i alle dei store sportskjedene i Norge, i tillegg til ei rekkje frittståande sportsbutikkar.
Alle butikkar vil ikkje ha heile vårt sortiment til ei kvar tid, men viss butikken ikkje har den skia du ynskjer, sender me ho til deg i løpet av eit par dagar.
Di nærare ein er kjennsla av at skoa er ein del av kroppen, desto nærare er du dine perfekte sko.
Det er eit samspel mellom kor godt ein held på varmen, valg av sokkar og isolasjonsevnen til sko
Stabilitet og fleks avgjer i stor grad kva kontroll du har på skia
Viktige faktorar ved valg av sko er terreng, stabilitet, isolasjon, fleks, snøring, type bindingssystem og passform.
Kvifor velja ein stiv sko:
• Eg har ganske mange kilo å frakte
• Eg liker best toppturer
• Eg går mest i krevjande terreng
• Eg går mykje med pulk
• Eg går ofte med hund og vil ha maksimal kontroll
Kvifor velgja mjukare sko:
• Eg går stort sett i flatt og småkupert terreng
• Eg har svært lange anmasjer og har meir glede av å gå opp enn nedturen
• Eg går nokså sjeldan på ski
• Eg går ofte i preparerte løyper
Kvifor får ein gnagsår?
• Dårleg passform til min fot
• Feil valg av sokker
• For varme sko, som gjev sveitte og dermed moglegheitar for friksjon
• Skoa er får dårlig snørt til foten
Ein kan forebyggja gnagsår på fylgjande måtar:
• Finna sko med best mogleg passform
• Riktig valg av sokker i forhold til kor godt ein held på varmen
• Riktig isolasjon i forhold til kor kaldt og kor godt ein held på varmen
• Justera med ekstra innleggssåle
Det er mange faktorar som spelar inn når du skal velja ski.
Kva terreng skal du gå i?
Går du med oppakning/pulk?
Er du ein erfaren skiløpar?
Kva er kroppsvekta di?
Kor høg er du?
Skal du ha ei turski til å nytta i opptrakka spor, men samstundes ha ei ski som du kan nytta utanfor løypene, anbefalar me Vikafjell, som har ¾ dels stålkant.
Dersom du skal ha ei tradisjonell fjellski, med både gå og køyreeigenskapar, kan du velja mellom Sondre, Amundsen, Nansen og Ingstad, der Sondre og Amundsen er dei smalaste, og Ingstad er den breiaste skia, og som dermed også har dei beste køyreeigenskapane. Jo breiare ei ski er, jo betre flyteeigenskapar har skia.
Er du ute etter ei rein toppturski, er Storetind og Vetletind det rette valet. Dette er lette karbonski bygd for bratte fjell i vest eller nord. Skia har mykje dei same eigenskapane, men Vetletind er noko smalare og litt mjukare enn Storetind.
Til våre turski kan du nytta touring og BC-bindingar. Skal du nytta skia utanfor preparerte løyper, og i tillegg til ein del skikøyring, anbefalar me ein BC binding. Mange nyttar også BC bindingar på våre fjellski Amundsen, Nansen og Ingstad.
Dersom du skal køyra mykje og vil ha ei meir stabil ski med betre støtte anbefalar me ein 75 mm binding, gjerne òg med oppbyggingsplater for å få best mogleg kanting.
Til våre toppturski Storetind og Vetletind kan du nytta alt frå ein BC Magnum-binding til ein Randonèe-binding. Den beste kominasjonen er kanskje ein kraftig 75mm wirebinding med oppbyggingsplater.
Dei beste råda om rett skilengd får du som oftast i ein sportsbutikk. Dette er avhengig av ei rekkje faktorar som bruksområde, oppakning, kroppslengde, kroppsvekt og liknande.
Til sjuande og sist er det du som skal bruka skia som best veit kva du er mest komfortabel med. For fjellski som Storetind kan skilengda vere lik di eiga kroppslengde, medan me på ei tradisjonell fjellski som Amundsen reknar at skia skal vera 15-20 cm lenger enn kroppslengda.
Sjå ellers vår tabell under råd og tips.