Lengder: 172, 180, 188 cm
Breidde: 103 68 93 mm
Vekt: 2.400 g. (188 cm)
Fellelås inkludert: Ja (Kortfeller kan kjøpast separat)
Stålkant: Ja
Sole: Smørbar
Superlett toppturski med Carbonarmering.
Storetind er skia for den som går mykje på ski, og som er like glad i turen ned frå fjellet, som turen opp.
Kraftig innsving som gjev gode svingeigenskapar.
Skia for den leikne.
Skikonstruksjon
Ved å kombinera innfelte luftkanalar i den karbonarmerte trekjernen oppnår me svært låg vekt på denne modellen, utan at konstruksjonen mistar styrke. Den låge vekta gjer at du sparar mykje krefter på vegen opp. Hugs at 1kg på beina tilsvarar nærare 5kg i sekken.
Bindingsval
75mm kabelbinding, Linken-binding, Rottefella NTN eller eventuelt ein Randonné-binding.
Skoval
Plastsko er ingen føresetnad, men er nok tingen for å utnytta desse skia maksimalt.