Du er her: Heim / Artikkel
Pulkløpet "I Amundsends skispor over Hardangervidda" starta den 25. februar. Kvar løpar skal trekke ein pulk med nødvending utstyr frå Skinnarbu til Sysendalen, ein tur på over 10 mil med pulk på over 40 kg. Eit løp for dei som søker ekstra utfordringar.
Dette pulkløpet var historisk av tre grunnar. Dette var første gong akkurat dette løpet vart arrangert, antageleg er det det einaste pulkløpet som eksisterar og til slutt er det historisk med at det går i tilnærma same rute som Amundsen gjekk i 1896.

Roald Amundsen gjekk denne turen saman med broren som ein treningstur til kommande polferder. Dei skulle gå til Garden i Sysendalen, men valgte å snu då dei trudde dei hadde gått for langt. Turen var berekna til å vare i 3 dagar, men dei endte opp med å bruke 8 dagar. Dei siste dagane så og seie utan mat.

Åsnes skulle stille med heile tre personar i dette ekstreme-løpet, men pga sjukdom vart det berre to. Treninga var nok ikkje optimal, men dei gjennomførte løpet. Sjå bilda i bildegalleriet lenger ned på sida.

Åsnes nytta òg høvet til å teste neste års tekstil-kolleksjon. Og tekstilane bestod prøva med glans dei fire dagane over Hardangervidda.

Første mann og kvinne fekk kvar sine Åsnes Amundsen- og Åsnes Liv Fjell-ski i premie, samt nokre premiar av dei andre sponsoratane.

10 mil med pulk hører kanskje ikkje så veldig langt ut, men med ein pulk på nærare 50 kg og med varierande ver og føre blir dette ein tøff utfordring. Berre det å få i seg nok mat kan i perioder bli ei utfordring. Mykje av turen gjekk me etter at mørket hadde lagt seg, så det vart lange dagar. Den tøffaste etappen var på laurdag då me gjekk frå Sandhaug og det begynte å blåse opp. I tillegg til vinden var det strekningar med mykje laussnø og stigning. Og ut på natta då me fekk problem med ein binding begynte me å tenke på å bryte løpet. Men heldigvis fekk me fiksa bindingen og kunne fortsette løpet. Sjølv om det var eit slit er me no i etterkant veldig glade for å ha fullført løpet.

Er det nokon der ute som er klar for nye utfordringar, så er det berre å begynne å planlegge neste års pulkløp :-) Meir info finn de på denne lenka, I Amundsends fotspor over Hardangervidda