Du er her: Heim / Artikkel
Etter mykje testing og planlegging begynner no Marie og Mari å bli klar for den to månadar lange turen over Nordkalotten.
29. mars 2010 reiser Marie Brøvig Andersen og Mari Kolbjørnsrud frå Oslo for å tilbakeleggje 2 lange månadar på ski over Nordkalotten.
Turen skal gå frå Sarek i Sverige til Kautokeino i Finnamark og som jentene seier: ”Målet med turen er helt enkelt å være på tur, over lengre tid. Å leve ut det enkle friluftslivet. Vi går ikke for å prestere noe. Men for å være tilstede nær naturen”.

Dei har i fleire månadar vore mentalt på tur. For nokre dagar sida testa jentene utstyret dei har vald ut til turen i Femundsmarka, og berre lovord kom om dei nye skia med fellelås. Dei brukte kortfellen under heile turen og var imponert over det gode feste og gliden.

Dei som ynskjer å følgja jentene på tur kan gå inn på sida nordkalotten2010.wordpress.com
og lese meir om førebuinga og sjølve turen.

Me i Åsnes ynskjer to av våre nye Åsnes Ambassadørar ein god tur.

bilde av Marie og Mari