Du er her: Heim / Artikkel
Sunnmørsalpane er ein tindeverden som du ikkje opplever maken til i heile Norge.
Kvitegga (1691 moh.) er høgaste fjellet og har formidabel utsikt.
At Sunnmørsalpane er vorte eit begrep skjønar du når du kjem til området, for her stikk det tinderekkjer opp alle stader, nett slik som i Alpane i Østerrike. -Men det spesielle på Sunnmøre er at mange av fjella attpåtil går heilt frå fjorden og over 1000 m rett i veret.

Over Geirangerfjorden:
Eg besøkte min gode ven Arnt Flatmo i Ålesund og brukte han som lokal guide for skiturar i området. Arnt Flatmo er tindebestigar av rang. Han har budd i Ålesund i 3 år og har på denne korte tida vorte lokalkjend i fjella her. Han har laga den fantastiske nettsida www.westcoastpeaks.com som har flotte beskrivelsar med tekst, kart og bilde frå turar i området. Det spesielle er hans omfattande namnsetjing av fjelltoppar ein ser på turane. I tillegg til Arnt Flatmo var også Svein Myhre med på Kvitegga. Han er lokal innfødt og oppvaksen med Sunnmørsalpane rett utfor døra.
10. mai kom me med bil frå Ålesund. På ferja og med bil langs fjord og over fjellovergangar fekk me ei herleg utsikt mot spisse tindar overalt. Forbi Sykkylven og Stranda, over Strandadalen og høgt over den vakre Geirangerfjorden på veg nedover mot Hellesylt. På Tryggestad svinga me av opp mot Norangsdalen. Etter ca 1,5 km tok me av til venstre inn på ein skogsveg merka ”Snødalen”.

Bratte kneikar:
Me er blant dei første som legg ut på denne turen denne morgonen, men bak oss kjem det i løpet av dagen ca 20 personar til som vil på denne kjende toppen i finveret.
Dei første par hundre høgdemetrane er det like mykje skibering som skigåing. Først over skoggrensa finn me samanhengjande skiføre. Me fylgjer normalruta opp den søraustvendte Snødalen. På veg opp var me innom Blåfjellet (1274 m oh.). Her fekk me ei fantastisk utsikt nedover Norangsdalen og kjende toppar som Slogen og Smørskredtindane. Mot nordvest reiser Kviteggamassivet seg med enno 400 m stigning til toppen. Oppe på 1600 m flatar fjellryggen ut og me får utsikt mot vest, og mot sør ligg Jostedalsbreen si massive kvite flate med Lodalskåpa som ei vorte oppå.
På toppen av Kvitegga får me eit rundskue som er heilt utruleg. Kvitegga er
i sentrum i Sunnmørsalpane. Tindar på tindar i 360 grader og langt der nede under oss ligg Hjørundfjorden. Ein lang pause må til for å få med seg utsikta i finveret.
Heimturen gjekk i flott nedrenn med ein avstikkar bortom Kvanngrønibba (1495 m oh.) med utsikt til Geirangerfjorden. Me valde ei bratt og litt utsett nedkøyring til Vardfjellet (1028 m oh.) før me var nede att i Snødalen sin vårgrøne bjørkeskog.
Turen attende til Ålesund var ei ny opplevinga med prangande utsikt opp mot spisse fjelltoppar som me var på toppen av nokre timar før.

Fakta om turen:
Å ta fly til Ålesund er eit godt utgangspunkt, men for å koma rundt på tur treng du eigen bil eller lokale kjentfolk å slå lag med. Her er mange ferjer og dårleg med offentleg kommunikasjon

Kvitegga (1691) er høgaste fjellet i Sunnmørsalpane, og utsikta er av verkeleg klasse. Turen opp tek ca 3 timar og returen 1 time med flotte nedrenn.
Set av ein time til runsskue på toppen. Start i Snødalen på 300 m som gir 1400 høgdemeter til toppen

Skiutstyr:
Eg brukte Falk lersko og Åsnes storetind med breie langfeller.
Dei to andre brukte tungt utstyr med breie ski og plastsko

Sjå Arnt Flatmo og Svein Myhre sine artiklar frå turen med fantastiske panoramabilde tettpakka med namn på fjelltoppar på www.westcoastpeaks.com og www.fjellinordvest.net