
Åsnes har lang tradisjon som leverandør av ski meint for skileik. Med ei ny toppturlinja aukar me satsinga på skileik i fjellheimen. Her får du ski med eigenskapar som møter kravet til dei som ynskjer det beste.
Toppturprogrammet består av skia Vetletind, Storetind, Rando og Bratt, kor Bratt og Rando er to superlette nyheiter. Nytt av året er også ei komplett ny stavlinje med produkt som passar alt frå den vanlege turgåar til dei som har over middels trong til å nå polpunkt.
Bratt
Bratt er den breiaste av to nye superlett-modellar og møter kravet til dei som ynskjer det beste når dei skal stå ned ei bratt fjellside, samstundes som den møter kravet dei mest kresne når det gjeld vekt. Vekt har mykje å sei når du sjølv er din eigen skiheis. Det å finne produkt som møter kravet til både låg vekt og køyreegenskapar er unikt. Den nye Brattskia er ei av verdas lettaste toppturski desom ein måler vekt pr. kvadratcentimeter. Ski vert levert med adaptiv rocker noko som betyr at tuppen løftar seg når det er kaldt i været. Det er nett når temperatyren synk og pudderet lavar ned at ei puddernås er kjekk å ha!
Rando
Rando er den andre nyheiten i toppturprogrammet og er ei ski kor fokus har vore vekt og bæreemne Randoskia er svært lette toppturski med eigenskapar som gjer dei godt egna til bratt terreng. Åsnes Rando har med sine mål god bereemne og flyt i laussnjoen og oppfordrar til leik i fjellsider som mange berre draumer om å køyra. Passar godt saman med ein lett randonéebinding og ein lett topptursko.
| BRATT Lengder: 189 cm Breidde: 152 118 132 mm Radius: 27 m Vekt: 3.800 gram (189 cm) Fellelås montert: Nei Stålkant: Ja Sole: Sintra Fargar: EIN FARGE Storleik: 189 Sjå pris og tilgjengeligheit> |
![]() |
| RANDO Lengder: 175, 182 cm Breidde: 125 92 115, 127 94 119 mm Radius: 20, 21 m Vekt: 3.000 gram (182 cm) Fellelås montert: Nei Stålkant: Ja Sole: Sintra Fargar: EIN FARGE Storleik: 175 - 182 Sjå pris og tilgjengeligheit> |
![]() |
Sjå alle fjellski her>
____________________________________________________________________________________________________
Montering av binding:
Bratt 189 cm: 800 mm frå bakende
Rando 175 cm: 750 mm frå bakende
Rando 182 cm: 780 mm frå bakende
___________________________________________________________________________________________________

