Åsnes guide for val av ski og lengd

 


Val av skimodell

Det er manga faktorar som spelar inn når ein skal velge ski. Åsnes ski er tilpassa bruksområde, kroppslengd og vekt. Å velje rett ski er ikkje noko ekstakt vitenskap, men tenk godt over kva behov du har, så kjem du langt med tipsa her. Klikk på skinamna for å sjå fleire detaljar.


For lange turar

Ingstad
Gode fart- og svingeigenskapar. Godt eigna til både lange transportetappar i flatt terreng og harde krevjande utforkøyringar i fjellet.

Nansen
Brei fjellski med gode flyteeigenskapar. Lett å svinga med på varierande føre. Godt eigna til turar i kupert norsk terreng, gjerne i djup og tung snø.

Amundsen
Godt eigna til lange turar, gjerne med tung oppakning. Fyrstevalet til ekspedisjonsfararar.


Her kan du lese ei vurdering av Ingstad, Nansen og Amundsen i ei grundig test utført av magasinet UTE


For variert bruk / allround

Sondre
Ski med gode allroundeigenskapar for dei som ikkje held til i fjellheimen heile vinteren. Godt eigna til kortare turar utan for mykje oppakning.

Holmenkollen
Smal og lett langrennski med 3/4 stålkant. Passar i maskinpreparerte spor, men taklar også godt ein tur på fjellet.

Vikafjell
Kombinert tur og fjellski med 3/4 stålkant. Litt breiare enn Holmenkollen-skia.



Fjellski

Combat
Lett og robust fjellski med god innsving utvikla for bruk av spesialavdelingar i forsvaret. Også veldig fin som jaktski.

Ingstad
Gode fart- og svingeigenskapar. Godt eigna til både lange transportetappar i flatt terreng og harde krevjande utforkøyringar i fjellet.

Nansen
Brei fjellski med gode flyteeigenskapar. Lett å svinga med på varierande føre. Godt eigna til turar i kupert norsk terreng, gjerne i djup og tung snø.

Cecilie
Nyutvikla fjellski for jenter. Brei og lettsvinga, med moderat gåspenn og gode flyteeigenskapar. For turar i kupert norsk terreng, gjerne i djup og tung snø.

Liv
Nyutvikla fjellski for jenter. Godt eigna til lange turar, gjerne med tung oppakning.


Her kan du lese ei vurdering av Ingstad, Nansen og Cecilie i ei grundig test utført av magasinet UTE



Bakkeski

Comp
Ekstra brei bakkeski som er godt eigna til laussnøkøyring. Kan også brukast som toppturski.



Til toppturar og skileik

Bratt
Superlett toppturski for leik og moro i laussnø. Skia vert levert med adaptiv rocker, noko som betyr at tuppen løftar seg når det er kaldt i været.

Rando
Svært lett toppturski for turar opp på dei høge toppane, enten det er i laussnø eller vårsnø.

Storetind
Karbonforsterka toppturskia med gode flyteigenskaper, god innsving og feste for kortfeller. Passar speielt bra til laussnø og for tyngre personar.

Vetletind
Same ski som Storetind, men litt smalare og passar difor betre for lettare personar

Comp
Ekstra brei bakkeski som er godt eigna til laussnøkøyring. Kan også brukast som toppturski.

 


Til jakt

Combat
Lett og robust fjellski med god innsving utvikla for bruk av spesialavdelingar i forsvaret. Også veldig fin som jaktski.

Breidablikk
Den nye jakt- og hundeskia frå Åsnes. Perfekt til krunglete bakkar. Fint gåspenn og god bereflate. Utan stålkant for å gjera skia hundevenleg.




Spesielt for damer

Cecilie Nyutvikla fjellski for jenter. Brei og lettsvinga, med moderat gåspenn og gode flyteeigenskapar. For turar i kupert norsk terreng, gjerne i djup og tung snø.

Liv Nyutvikla fjellski for jenter. Godt eigna til lange turar, gjerne med tung oppakning.


Her kan du lese ein vurdering ac Cecilie i ei grundig test utført av magasinet UTE


   Ekspedisjon   Fjellski   Topptur   Markaski   Bakke   Hundebruk   Barn/Junior 
 Amundsen x x          
 Nansen x x          
 Sondre   x          
 Ingstad   x          
 Combat   x          
 Breidablikk   x       x  
 Cecilie x x          
 Liv x x          
 Holmenkollen (x)     x      
 Vikafjell       x      
 Bratt     x   x    
 Rondo     x   x    
 Comp     (x)   x    
 Storetind     x   (x)    
 Vetletind     x   (x)    
 Snømann             x
 Snurrle             x




__________________________________________________________________________________________________________________________________


Val av skilengd

Skilengd skal bestemmast ut frå ein kombinasjon av kroppslengd og vekt. Tabellane her er meint som eit hjelpemiddel og må ikkje fylgjast slavisk. Skidugleik, terreng, vekt, oppakning og individuelle behov/vanar er faktorar som påverkar ideell lengd.


Generelle råd:
- Ferdsel i ulendt terreng krev kortare ski enn opne fjellvidder.
- For nybegynnarar vil det ofte vere enklare med kortare ski.
- Går ein berre i oppkøyrde spor spelar ikkje lengda noko rolle med tanke på kor godt/dårleg ein flyt i snøen, då er det i staden spennet som er viktig.
- Er personen lettare enn gjennomsnittet bør han vurdere kortare ski, og omvendt viss han er tyngre.
- Går ein ofte med tung oppakning bør skiene vere litt lengre.



Middels breie ski
Ingstad, Combat Nato, Nansen, Cecilie og Breidablikk:

menn

 KROPPSLENGDE   VEKT (kg)   SKILENGD 
- 160  - 60  175
160-168 55-68 180
165-172 65-75 185
170-180 72-80 190
175-188 75-87 195
185-193 85-95 200
190 + 95 + 205/210

kvinner

 KROPPSLENGDE   VEKT (kg)   SKILENGD 
 - 160 - 165
158-165  - 60 175
162-170 55-68 180
168-175 65-75 185
173-182 72-80 190
185-193 75-87 195
- - 200 +
 




Smale ski
Amundsen, Liv, Sondre, Vikafjell og Holmenkollen:

menn

 KROPPSLENGDE   VEKT (kg)   SKILENGD 
 - 160  - 60 180
160-168 55-68 185
165-172 65-75 190
170-180 72-80 195
175-188 75-87 200
185-193 85-95 205
190 + 95 + 210

kvinner

 KROPPSLENGDE   VEKT (kg)   SKILENGD 
 - 160 - 170
158-165  - 60 180
162-170 55-68 185
168-175 65-75 190
173-182 72-80 195
185-193 75-87 200
- - 205 +
 


alle mål utan eining er målt i cm


Breie ski/toppturski
Rando, Bratt, Storetind og Vetletind:

Når det gjeld toppturski vert det sett krav til at dei skal vere relativt lettsvinga. Dess kortare skia er, dess lettare er den å svinge - spesielt viktig i ulendt og kronglete terreng. Toppturski er ofte vesentleg breiare enn vanlege fjellski, noko som gjev mykje betre flyt i snøen og ein kan gå litt ned på lengda.

Eit godt utgangspunkt er å velge ski som er like lange som si eiga kroppslengde. Er det viktig med ekstra god flyt i laussnø kan ein velge litt lengre ski (5 - 10 cm), men då vil ein mest truleg få ei mindre lettsvinga ski. Vil ein heller prioritere at skia skal vere mest mogleg lettsvinga er det heilt greit å gå ned 5 cm på lengda, men ein mister då litt av flyten i laussnø.



Barneski
Snømann og Snurrle:

Som ein tommelfingerregel bør ski for barn ca opp til 4 år vere 10 cm kortare enn kroppslengda. For barn over 4 år vel ein oftast lengde lik kroppslengda, eller 10 cm lengre viss barnet er flink på ski. Det er betre å vekse ut av skilengda enn inn i skilengda. Det viktigaste er skigleda for barnet!