fbpx

HARDINGLAUP

Velkomen til det me kallar verdas hardaste langlaup på fjellski! Det finst fleire ferdselssleper mellom hardingane og vossingane. Dette løpet er av dei lengste og mest krevjande. Motbakkar, tronge dalar, vekslande føre, kvasse utforkøyringar. Her krevst nøyaktig orientering og fjelldugleik for å gjennomføra. Traseen byggjer ei brutal, men venleg bru mellom Hardanger og Voss. 

Tida er no inne for å tilby fjellfolk i Noreg ein ekte kappestrid. Velkomen som deltakar på hardinglaupet mellom Voss og Hardanger. Hardinglaupet har markert starten på ein ny type skirenn i Noreg: dagslanglaup på fjellski i umerka løyper i høgfjellet med strenge krav til deltakarar.

Hardinglaupet går fra Hardanger til Voss, og er det eneste ultramaratonet på fjellski i verden. Løpet krever gode høyfjellsferdigheter og nøyaktige orienteringsevne. Alene eller på lag kan du nå utfordre deg selv i umerket høyfjellsterreng. Terrenget på Vestlandet er barskt og krevende. Du kommer til å bli sliten og kanskje vil du tenke «hvorfor gjør jeg dette», men tilfredstillelsen når du kommer i mål tar livet av all tvil.

Vi ynskjer velkommen til en fredelig «kappestrid»!

 

Hardinglaup Voss – Øystese

Er du robust nok til å takla høgfjellet på vinterstid åleine utan sikt? Har du røynsle frå lange turar på fjellski i umerka høgfjellsterreng?

Velkomen til det me kallar verdas hardaste langlaup på fjellski! Det finst fleire ferdselssleper mellom hardingane og vossingane. Dette løpet er av dei lengste og mest krevjande. Motbakkar, tronge dalar, vekslande føre, kvasse utforkøyringar. Her krevst nøyaktig orientering og fjelldugleik for å gjennomføra. Traseen byggjer ei brutal, men venleg bru mellom Hardanger og Voss. 

Tida er no inne for å tilby fjellfolk i Noreg ein ekte kappestrid. Velkomen som deltakar på hardinglaupet mellom Voss og Hardanger. Hardinglaupet har markert starten på ein ny type skirenn i Noreg: dagslanglaup på fjellski i umerka løyper i høgfjellet med strenge krav til deltakarar.

Hardinglaup Voss – Øystese – Løypa

Starten av løpet går frå Hodnaberg. Stigning heilt til toppen av Sveindalsnuten og ned til Løkjesdalen. Brutalt bratt opp til Løkjesdalstjørnane. Fylg instruks frå mannskap i botnen av bakken. Vidare mot Blåkoll og ned i Kyrkjeviki ned på Hamlagrøvatnet og forbi stølane i Søre Hamlagrø. Herifrå slak stigning heile vegen til vasskiljet øvst i Solheimedalen. Deretter opp i krevjande høgfjellsterreng i dalstroka Fossavatnet, Øvre Fulgadalsvatnet og Søre Fugladalen og ned på Myklavatnet. Vidare kurs mot Norheimsdalen og ned i skiløypene mot Sjusete. På parkeringsplassen på Sjusete hiv ein skia på sekken og spring om lag 5 km på veg til målgang ved Holmatun i Øystese.

Løpet er 37 km langt med 1500 m stigning og 2000 m fall.

 

Har du en HARDING i deg?

Les mer om Hardinglaupet og påmelding her!