fbpx

SESONGEN SOM VAR 18/19 – AK GLÜCK TEIGLAND

I vår har vi gjort en rekke intervju med våre ambassadører for å høre litt hvordan deres skisesong var, hvilke utfordinger de møtte og for å få en liten oppsummering. Her kan du lese litt om hva hardingen AK Glück Teigland har å si om skisesongen som var.

 

«Eg freista koma tidleg i gang med opptrening etter operasjonane og starta i bilen og toget heim frå klinikken. Vidare laut eg krypa til krossen og byrja på treningssenter. Eg trudde det berre var glinsande sjølvdiggarar som gjekk på slikt, men det er jo heilt fantastisk effektivt!»

 

Først – fortell litt om deg selv, hvilke planer og hvilke forventninger du hadde til skisesongen?

Eg otta vinteren skulle verta spolert grunna to etterlengta operasjonar av skranglete føter. Avrivne leddband og seige akillessenar laut til pers i såpass god tid til at skisesongen kunne bergast. Eg har ikkje noko konkrete mål for ein sesong, eg ynskjer berre å vera fri for smerte i rørsle. Det er ingenting som er så godt som å gå fort på ski lenge utan å verta trøytt. Naturen er flott, men endå vakrare om ein er litt sliten. Det var målet for vinteren: å oppnå den gode rørslegleda. Samt eit konkret mål om å koma i såpass god form at Expedition Amundsen kunne gjennomførast.

Eg driv med mykje forskjellig og har både prosjekt-, event-  og kulturhusselskap som skal stettast. Alt med kjørleik til bygda og Hardanger. Det har vore ein spennande vinter med tanke på å kombinera arrangement og turar i regi Hardanger åtgaum i og omkring kultur- og friluftssenteret Holmatun i Øystese.

 

Fortell oss litt om vintersesongen så langt, hvordan har skisesongen din vært i år?

Eg freista koma tidleg i gang med opptrening etter operasjonane og starta i bilen og toget heim frå klinikken. Vidare laut eg krypa til krossen og byrja på treningssenter. Eg trudde det berre var glinsande sjølvdiggarar som gjekk på slikt, men det er jo heilt fantastisk effektivt!

 

Eg er adnig av natur og hadde ein i overkant stor tru på å koma på ski tidleg. «Heldigvis» let snjoen venta på seg og fyrste skitur var ikkje før i desember like oppunder jol. Det var mest staking i dei flate langrennsløypene på Geilo.

Å dra pulk har noko kunstnerisk vakkert ved seg og rokkar og rockar djupt inn i sjela. Det rokka også godt i føtene på den fyrste pulkturen godt ut i januar mellom Finse og Geilo. Det vart både ein og to og tre og fire turar langsmed Hallingskarvet i februar.

 

Hva har vært sesongens høydepunkt, og hvorfor?

Høgdepunkta i vinter har vore mange, men det er nok på nattetappen mellom Litlos og Viersla i Åsnes Expedition Amundsen som stikk seg mest ut. Vinden byrja knarra seg til. Det var gjevt å bidra såpass som eg makta den natta i det småsure véret.

Hva kunne vært bedre, eller hva kunne du vært foruten i vinter?

Eg veit ikkje om det berre var meg, men eg tykte det var subbe føre i heile januar. Eg følte heile den månaden gjekk med til å trakka løype i laussnø.

 

Er det noe annet du vil fortelle, eller noe annet som har engasjert deg i vinter?

Eg likar å dela turglede med andre og har hatt godt samarbeid med Bergans Adventures, Finse 1222, Statsraad Lehmkuhl og Tindeguide. Saman har me drege i land vinterturar til Trolltunga, Finse – Sima og Ski & Sail i Rosendal. I tillegg har mange fått gode og trygge opplevingar i fjellheimen gjennom arrangementa Hardinglaup (verdas einaste ultramaraton på fjellski i umerka høgfjellsterreng) og Skifest II (skikøyring med fjordutsyn, konsertar, foredrag og fest!)

 

Og til slutt, vi må jo selvsagt spørre hvorfor du velger Åsnes ski!?

Åsnes har ein god breidde i fjellskiparken og er såleis ein god katalysator for gode naturlopplevingar. Kvar ski har sitt verkefelt og er mine gode vener når den eine foten skal setjast framføre den andre nok gonger gjennom ein lang vinter.