fbpx

Sesongen som var 18/19 – Johannes Finne

I vår har vi gjort en rekke intervju med våre ambassadører for å høre litt hvordan deres skisesong var, hvilke utfordinger de møtte og for å få en liten oppsummering. Her kan du lese hva vossingen Johannes Finne har å si om sin sesong!

 

«Så eg er i ein fase der eg oppdagar mange nye gleder ved skikøyring, som tidlegare forsvann litt  mellom konkurranse og trening. Ein av dei tinga eg har funne stor glede i er toppturar. Dette har opna ei ny verd for meg. Alle dei fjellsidene, skogane og bakkane eg tidligare har tenkt at hadde vore kjekt å køyre, har no blitt tilgjengelege.»

 

Først – fortell litt om deg selv, hvilke planer og hvilke forventninger du hadde til skisesongen?

Eg heiter Johannes, er 23 år gammal, og er i frå Voss. Eg er for tida busett i Bergen, der eg studerer til tannlege. Eg har tidligare drive med kulekøyring, men har no gått over til frikøyring.

Denne sesongen var den andre sesongen min utan å vere aktiv kulekøyrar, som innebar mykje reising og konkurranse. Så eg er i ein fase der eg oppdagar mange nye gleder ved skikøyring, som tidlegare forsvann litt  mellom konkurranse og trening. Ein av dei tinga eg har funne stor glede i er toppturar. Dette har opna ei ny verd for meg. Alle dei fjellsidene, skogane og bakkane eg tidligare har tenkt at hadde vore kjekt å køyre, har no blitt tilgjengelege.

Før denne sesongen var eg litt spent på kor mykje ski eg ville få tid til, då dette var fyrste året mitt på nytt studie. Eg fann fort ut av at eg trengte struktur over dagane mine, og planlegge fram i tid. Det gjorde at eg ikkje låg på etterskot, og kunne ta fri innimellom for å stå på ski. Bergen er då ein fin stad å studere, med kort veg til mange skimoglegheiter. I tillegg har eg vener i nærleiken som også er ivrige på å kome seg til fjells.

 

Fortell oss litt om vintersesongen så langt, hvordan har skisesongen din vært i år?

Denne sesongen starta trått med lite snø og dårleg vær. Før nyttår var det berre familieløypa som var open i Voss Resort, og det var lite snø elles i fjellet. Rett etter nyttår flykta me derfor frå dei dårlege snøforholda i Noreg, til meir snøsikre Sveits. I Nendaz fekk me 9 skidagar med gode snøforhold, og for det meste fint vær. Heime igjen var neste prosjekt ein tur til ein stølen vår i Vossafjellet, der me fekk testa ut dei nye Åsnes skia «Voss». Elles vart det mange helgeturar frå Bergen til Voss for å stå på ski i Voss Resort sitt anlegg.

Det vart færre konkurransar enn planlagt denne sesongen, då fleire av konkurransane i Norgescupen vart avlyst på grunn av dårlege snøforhold. Dei to konkurransane eg fekk køyrd var Sauda Back Country Challenge og Røldal Freeride Challenge. Resultatmessig gjekk det ikkje så bra, då eg falt i begge konkurransane. Men, eg satt likevel igjen med to gode opplevingar.

I Sauda var det sol og strålande vær, som minna meir om mai enn starten av april. På konkurransedagane satt me i bar overkropp på 1300 meters høgde medan me venta på å køyre. Første konkurransedagen hadde eg satt meg ut ei linje som eg var aleine om. I starten rota eg meg bort og var på veg mot eit litt høgt klippeparti, ment fant heldigvis linja mi igjen. Det hjelpte ikkje så mykje for der eg hadde tenkt å køyre ut klippa, var det mindre snø enn eg trudde. Det var for seint og snu, og det enda med fall. Dagen etter hadde eg ingenting å tape. Det starta bra, og eg landa den fyrste baklengssaltoen ut ei klippe. På neste hopp underroterte eg ein framlengssalto og skia løyste ut, som betyr at eg ikkje får poeng. Det dårlege resultatet var fort gløymt når me kom ned frå ski. Då vart det årets fyrste bad i Saudafjorden, fisking og grilling.

Etter Sauda hadde eg to fine dagar på Nesheimsfjellet på Voss. Saman med Sondre Folkedal, Dag Sandvik og Åsnesgjengen, filma me og tok bileter. Dette var ei ny erfaring for meg. Fint vær, god snø og fine folk gjorde at alt gjekk på skinner. Så var det tilbake på skulebenken for ein innsats før påske.

Påskeferien vart heime på Voss. Den bestod av lesing, og skikøyring med høg «dra på» faktor.

Etter påske var det tid for den siste konkurransen i Røldal. På Røldal Freeride Challenge var ikkje været med oss. Men, sjølv regn og vind satt ikkje ein dempar på stemninga blant køyrarane på start. Dette var fyrste gong eg køyrde den sagnomsuste konkurransen i Røldal, som er kjent som ein av dei råaste innan skikøyring. Eg visste at eg måtte gå «all in», og ikkje kunne halde tilbake. Eg traff bra på linja mi som bestod av fleire klipper etter kvarandre. Eg skulle avslutte løpet med ein baklengssalto ut den siste klippa. Eg var redd for at eg kom til å gå for stort, så eg tok klippa mindre enn det eg hadde planlagt. Det skulle eg ikkje ha gjort for det enda opp med at eg underroterte og landa på magen. Andre dagen i Røldal vart avlyst på grunn av store nedbørsmengder, og stor snøsmelting i fjellsida me skulle køyre. Så resultata frå fyrste dag stod som gjeldande.

Dette var andre året som eg har køyrd Norgescupen, og eg tar med meg dei erfaringane eg har fått i løpet av vinteren vidare.

 

Hva har vært sesongens høydepunkt, og hvorfor?

Denne sesongens høgdepunkt må være turen til Nendaz i Sveits. Saman med Åsnesambassadør Sondre Folkedal, og nokre kamerater leigde me eit lite chalet i anlegget. Me var litt spente på snøforholda då det var tidlig på sesongen, og ei stund sidan det hadde snødd. Når me kom ned var det lite snø nedst i anlegget, så me fekk ikkje opplevd den gode skogskøyringa som Nendaz er kjent for. Til gjengjeld var det var svært stabile forhold utanfor løypene. Det gjorde at me fekk køyrt eksponerte fjellsider tilknytt skianlegget. Midt i opphaldet fekk me eit snøfall, der det kom om lag 40 cm på 2 dagar, før sola kom fram igjen. Sidan dette var tidleg på sesongen var det ikkje altfor mange i skianlegget, og me fekk køyrt nye spor i puddersnø til siste tur. Me fekk og med litt kultur utanfor skibakkane, og ein av dei tinga me ville prøve var raclette. Det vart ein kjekt interaktivt måltid, sjølv om ikkje alle i reisefølgje var like begeistra for konseptet.

 

Hva kunne vært bedre, eller hva kunne du vært foruten i vinter?

Denne sesongen har ikkje vore optimal med tanke på snøforhold i Bergen og på Voss. Mykje av nedbøren kom som regn i vinter, og snøgrensa var ofte høgt til fjells. Det gjorde at det vart mindre toppturar enn planlagt. I staden blei det mykje parkkøyring på Voss, noko som gjorde at eg fekk utfordra meg på nye ting.

 

Og til slutt, vi må jo selvsagt spørre hvorfor du velger Åsnes ski!?

Åsnes er eit skimerke eg kjenner godt frå fjellski eg har hatt tidligare. Det at dei no vil utvikle gode køyreski til bruk i anlegg og på toppturar, som den nye «Voss Z’n» skia, er noko eg derfor har stor tru på. Eg har òg venner som har køyrd på Åsnes ski, og som har vore nøgde og anbefalt dei.