fbpx

SESONGEN SOM VAR 18/19 – Ole Andre Rykke Almenningen

I vår har vi gjort en rekke intervju med våre ambassadører for å høre litt hvordan deres skisesong var, hvilke utfordinger de møtte og for å få en liten oppsummering. Her oppsummerer vossagut og lokal pokal, Ole Andre Rykke Almenningen, sin sesong!

 

«Eg deltok også i min fyrste NorgesCup. Mange av konkuransane vart dessverre avlyst grunna lite snø og dårleg sikkerheit.

Eg fekk delta i ein konkuranse som tok stad i Sunnmørsalpane, nærmare sagt Fjellsætra. Dette var ein svært spennande oppleving. Eg pakka bilen full av skiutstyr, kleder, sovepose og mat. Eg reiste til Fjellsætra heilt åleine. På konkuransedagen blei eg tatt godt inn i varmen der eg blei kjent med mange nye folk.»

 

Først – fortell litt om de selv, hvilke planer og hvilke forventninger du hadde til skisesongen?

Mitt navn er Ole Andre Rykke Almenningen, 19 år. For tida avsluttar eg mitt siste år på Voss gymnas. I store delar av livet mitt har eg drive med kulekøyring og konkurrert både i Europacup og junior VM. Eg slutta hovudsakeleg fordi det begynte å bli eit lite miljø for dette i Norge og fordi eg følte eg måtte prøva noko nytt. Denne sesongen var min fyrste som frikøyrar, der eg fekk oppleve nye gleder. For meg så skil frikøyring seg frå kulekøyring ved at det er ingen som helst fasit på korleis du skal køyre. Du kan svinge når du vil, korleis du vil, og gjere dei triksa du føler for der og då.

Sidan dette var min fyrste sesong som frikøyrar hadde eg ikkje mykje forventningar. Det meste var nytt og eg måtte tileigna meg mange nye kunnskapar. Forventningane eg hadde til skisesongen var eigentleg berre å kosa meg på ski. Eg var også spent på korleis eg skulle kombinera skule med ski, men dette viste seg og ikkje være noko som helst problem. Ei normal veke innebær rundt sju skiøkter.

 

Fortell oss litt om vintersesongen så langt, hvordan har sesongen din vært i år?

Vintesesongen i år har bydd på mange utfordringar snømessig slik at eg ikkje fekk gjennomført alle planane eg hadde for vinteren. Likevel var skisesongen veldig bra. Eg begynte nyåret med ein tur til Østerrike.

Eg og min eldre bror, Joakim Stabæk, tok ein spontan tur til Saalbach. Her drukna me i tre meter med pudder – det var fantastisk. Ingen av oss hadde vært der før så vi var ganske spente. Saalbach er ikkje kjent for å være ein plass der frikøyrarar reiser, noko som gjorde att me fekk all laussnøen for oss sjølv. Me var i Østerrike ei veka før me drog heim til Voss der vinteren begynte å komma i gang.  På Voss så tilbrakte eg mykje tid I Myrkdalen og Voss Resort saman med mange kompetente skikøyrarar som eg tok lærdom av. Eg var også trenar i Voss Freestyleklubb, dette var svært givande og eg kan melda om ei lys framtid for både frikøyrarar og parkkøyrarar.

Eg deltok også i min fyrste NorgesCup. Mange av konkuransane vart dessverre avlyst grunna lite snø og dårleg sikkerheit.

Eg fekk delta i ein konkuranse som tok stad i Sunnmørsalpane, nærmare sagt Fjellsætra. Dette var ein svært spennande oppleving. Eg pakka bilen full av skiutstyr, kleder, sovepose og mat. Eg reiste til Fjellsætra heilt åleine. På konkuransedagen blei eg tatt godt inn i varmen der eg blei kjent med mange nye folk.

Før konkuransen hadde eg inspisert området og fant meg ei rå linje å køyre. Sidan dette var min fyrste konkuranse bestemte eg meg for å gje alt for å vise meg fram. Når eg kom til min andre klippe bestemte eg meg for å dra ein «sideflip» ut ei klippe som var veldig vanskeleg, dette resulterte dessverre i eit fall. Likevel sitt eg igjen med mange gode opplevingar frå denne turen og fekk bekrefta at eg kan være i toppen om alt stemmer.

Resten av sesongen brukte eg på å gå toppturar. Til dømes var eg på Gråsidetoppen på Voss, Finnbunuten, Vikafjellet, Olskavlen og mykje fleire.

Eg kan også fortellja om ein eksamen eg hadde i frikøyring.
Som elev på Voss Gymnas så er frikøyring ein av mine fag. Eg var så heldig å bli trekt opp til ekamen i akkurat dette. Det var ei svært spennade eksamensform, der eg skulle velgje meg ein linje å køyre og blei dømt ut i frå dette, det vart toppkarakter, og eg takkar mine trenarar Joachim Strandborg og Magnus Viken for god oppfølging fram mot dette.

 

Hva har vært sesongens høydepunkt, og hvorfor

Det var mange forskjellege høgdepunkt denne sesongen. Til dømes å få lov til å bli ambasadør for Åsnes.

Turen til Østerrike som eg nemnte ovanfor er også ein av dei beste minne eg har frå sesongen. Også var konkuransen på Fjellsætra eit høgdepunkt me tanke på all spenningen som var knytt opp til konkuransen.

Eg mimrar også tilbake til ein spesiell dag heime på Voss. Ein dag med sol og fersk snø gjorde at det var høg «dra på faktor», der eg lærte meg nye triks.

Eg avslutta skisesongen med å teste den nye skia til Åsnes,  «Voss». Ei svært spennande ski som eg hadde det mykje morro med i slutten av sesongen.

 

Hva kunne vært bedre, eller hva kunne du vært foruten i vinter?

Det største problemet med vinteren var snøforholda. Eg fekk ikkje gjort det eg hadde planar om, men det kan eg heller gjere seinare. Eg hadde også ein sjukdomsperiode som gjorde at eg ikkje fekk prestere slik som eg ville. I tillegg så var det ein del skule som skulle gjerast, så det vert bra å kunne velg mitt eige opplegg dei neste sesongane.

 

Og til slutt, vi må jo selvsagt spørre hvorfor du velger Åsnes ski!?

Å bruke rikitg utstyr eg svært viktig. Fyrste gong eg prøvde Åsnes si ski brukte eg den i preparerte løype. Allereie frå fyrste sving merka eg kor god kontroll eg hadde over skia, det var som ein draum å svinge. Når eg har brukt skia til frikøyring så merka eg kor bra flyt skia hadde i snøen. Det at Åsnes har ein såpass tilknytning til Voss gjer at eg får eit personleg forhold til skia.