Sesongen som var 18/19 – Christian Iversen Styve

I vår har vi gjor en rekke intervju med våre ambassadører for å høre litt hvordan deres skisesong var, hvilke utfordinger de møtte og for å få en liten oppsummering.
Christian Iversen Styve er en av norges råeste polarguider, og her får du høre litt om hans sprell denne sesongen.

 

«Grunnen til at det vart tur til Antarktis er rett og slett fordi eg har jobba for eit amerikansk selskap dere nede dei siste 3 åra. Og eg var så heldig å vere ein av dei ytterst få som guider lange skiturer, men som også behersker kunsten å kite over lange distanser. Det som gjorde dette prosjektet så spennande var ganske enkelt fordi eg for fyrste gong på mange år skulle få gjere noko som var heilt nytt for meg. Eg hadde aldri kita i Antarktis før, ei heller over ein så lang distanse som 1130 km.»

 

Først – fortell litt om deg selv, hvilke planer og hvilke forventninger du hadde til skisesongen?

Hei, mitt navn er Christian, 34 år, har mørkt hår, skjegg og blå auge. Frå Voss, men har budd i Oslo dei siste 13 åra. Trives godt i skog og mark 🙂 

Denne sesongen hadde eg faktisk store forventninger til. Midt på sommaren fekk eg eit tilbud eg har drømt om lenge. Guide ein skitur inn til Sydpolen for så å kite tilbake att.

Skituren til Sydpolen er forsåvidt ikkje nytt for meg, men å kite tilbake har lenge vore ein draum. Det er ein sjanse du får særs sjeldan, kanskje aldri faktisk. 

 

Fortell oss litt om vintersesongen så langt, hvordan har skisesongen din vært i år?

På samme tidspunkt hadde sambuaren min og eg bestemt oss for å kjøpe oss seglbåt.

Sjølv om me ikkje kunne nokon ting om segling, var det eit prosjekt me følte var heilt naturleg. Når du begir deg ut på eit slikt prosjekt, og i tillegg planlegg å flytte inn i den, så legg det naturlig nok beslag på ein god del tid. Så sommar og haust var veldig hektisk. Førebuing til kommande skisesong vart typisk nok, flytta så langt fram i tid som mulig. 

Grunnen til at det vart tur til Antarktis er rett og slett fordi eg har jobba for eit amerikansk selskap dere nede dei siste 3 åra. Og eg var så heldig å vere ein av dei ytterst få som guider lange skiturer, men som også behersker kunsten å kite over lange distanser. Det som gjorde dette prosjektet så spennande var ganske enkelt fordi eg for fyrste gong på mange år skulle få gjere noko som var heilt nytt for meg. Eg hadde aldri kita i Antarktis før, ei heller over ein så lang distanse som 1130 km. Det gjorde også at eg brukte ein god del meir tid på førebuingar enn vanleg. Som for det meste gjekk ut på å snakke med så mange som mulig som faktisk har gjort turen før. Det er ikkje så mange akkurat, men eg hadde tett kontakt med 3 stk som har gjennomført turen dei siste 10 åra. 

 

Hva har vært sesongens høydepunkt, og hvorfor?

Sesongens høgdepunkt var nok den dagen me kom fram der me skulle avslutte kite-turen vår. At heile prosjektet hadde gått smertefritt, nesten i alle fall. At vinden var med oss heile vegen, som er noko ein ikkje kan styre sjølvsagt. Mestringen ein opplever ved å lukkast med eit så stort prosjekt er ubeskriveleg. Og det er noko eg fortsatt kjenner på i dag, dryge 4 mnd etterpå – Herlig! Det føltes rett og slett som det ultimate eventyr!

Det vil jo alltids vere ting ein kunne gjort bedre på ein sånn tur, men det er jo ein del av heile greia tenker eg. Det vil jo aldri vere heilt perfekt, men ein skal alltid jobbe for å bli bedre – Alltid!

 

Hva kunne vært bedre, eller hva kunne du vært foruten i vinter?

Avreise til Antarktis, eller rettare sagt, Chile, var satt til 9 november. Det er her alle dei siste frebuingane vert gjort før avreise til Antarktis. Eg skulle ikkje sette foten på norsk jord att før den 1. Februar. Dette er forholdsvis lang tid å vere vekke frå familie og venner. Og er nok det eg sett minst pris på med livet som guide i dei mest avsidesliggende strøka i verda, men du kjem fort inn i rutina med ein ny kvardag. Det går seg til kan ein vel sei. Og eg slit ikkje så veldig med heimlengsel, heldigvis. Det er klart eg gleder meg stort til å komme heim, men det øydelegg ikkje kvardagen min på tur. Også er eg så heldig å ha ein sambuar som er særs tålmodig og som ventar på meg når eg kjem heim. Og venner som diskar opp med fantastiske middager når eg kjem heim, slik at eg kan feite meg op att.

Det er nok viktig for meg å få fram at eg har verdas beste jobb, men det kjem ikkje gratis. Du ofrer ganske mykje, spesielt på det sosiale. Og etter nesten 3 mnd på tur, så er ikkje tiltakslysten og engasjementet på topp. For å sei det mildt! Mykje tid går med til å hente seg inn att. Samle krefter til neste skitur. Kjenne på at du ikkje har ansvar for folk lenger, så du kan slappe heilt av. Litt som å gå i koma, men du er heldigvis vaken. Berre manglar energien som du er vant til å ha. 

 

Er det noe annet du vil fortelle, eller noe annet som har engasjert deg i vinter?

Etter sesongen i Antarktis har eg i grunn tatt det ganske så rolig, men det har blitt tid til turar på Hardangervidda. Stort sett fleire bomturer mtp kiting og null vind, men som eg sa, naturen kan ein ikkje styre. Påsken derimot var eit einaste stort eldorado på vidda. Nydelig vær, gode skiforhold og knallgod vind enkelte dagar. Me var ein liten gjeng som laga oss ein camp og tilbrakte det meste av tida i området rundt den. Med nokre unntak der me kjørte bil for å finne vind. Det er noko av det som er herlig med Hardangervidda. Er det ikkje perfekte forhold der du er, er det kun ein kjapp kjøretur for bedre forhold – Min definisjon på ein draume-påske !

 

Og til slutt, vi må jo selvsagt spørre hvorfor du velger Åsnes ski!?

Eg har i grunn gått på Åsnes ski heile livet, så det er i grunn ganske naturlig for meg.

Og eg har dei siste åra følt at Åsnes er den einaste som kan tilby meg akkurat dei skia eg er ute etter. Eg har alltid vært opptatt av å gå på ski som er lette, har godt spenn og som tåler slitet som lange turer utsett dei for. År etter år. Det gjelder sjølvsagt staver og feller også, som er minst like viktig som gode ski. Bruk og kast ligg ikkje meg naturleg, så eg trives best med ski-utstyr som varer til det er heilt fullstendig utslitt. 

Åsnes var også veldig behjelpelig i starten av karriera mi og stilte med utstyr til mine fyrste langturer for 10 år sidan. Ei støtte eg var avhengig av og som eg fortsatt den dag i dag setter veldig, veldig stor pris på.