fbpx

AK Glück-Teigland

AK trivst i det verste terrenge, den brattaste ura og i skikkeleg uvêr. – «Det er alltid noko som kan nytast».

AK Glück-Teigland er harding og busett som vertskap på Kvam bygdemuseum på Storeteigen i Øystese.Han er prosjektleiar for ymse prosjekt i skjeringspunktet historie/natur/kultur med Hardanger som hovudtema og arena. Forvaltar eit lokalt kulturhus frå 1927 med stor takhøgde, gjennomtrekk og nasjonale kapasitetar på scena.
AK Glück-Teigland er primus motor bak Hardinglaupet og likar lange turar, kulde og blodslit. Han har og vært deltakar på Åsnes Expedition Amundsen flere ganger, og er ein ekte vestlending i blodet. Vestlandsvêr, bakkar, slit, bondelivet, urene, rennande vatn, frose fjell og høge fjell – her føler han seg som heime!
AK trivst som best når noko skjer, han sitt sitt ikkje mykje på rompa.Han boblar av idear og skaparkraft, og han nøyer seg ikkje med prat. Han er ein som får ting gjort. Ein kolossal arbeidskapasitet, seier dei som kjenner han.

– Det finst fleire ferdselssleper mellom hardingane og vossingane. Åsnes Expedition Amundsen er av dei lengste og mest krevjande… Motbakkar, tronge dalar, vekslande føre, kvasse utforkøyringar. Her krevst nøyaktig orientering og fjelldugleik for å gjennomføra. Traseen byggjer ei brutal, men venleg bru mellom Hardanger og Voss. – AK Glück Teigland

AK ynskjer å tilby fjellfolk i Noreg ein ekte kappestrid. Hardinglaupet skal markere ein ny type skirenn i Noreg som AK kallar «dagslanglaup» på fjellski i umerka løper. Dette stiller strenge grav til deltakaranes fjelldugleik, men også til arrangør.

Det er den der meistringskjensla. Kjensla av kontroll. På utstyret, på klede, på kvar eg er. Det er herleg å kjenna seg trygg sjølv når elementa er hissige. Naturopplevinga er kanskje ikkje all verda under slike tilhøve, men det å meistre har ein eigenverdi, seier AK.

Funfacts om Arne Kristian Glück-Teigland, AK blant vener,:

  • Likar ski, fenalår og indiepop.
  • Uroa for inaktiviteten i den oppveksande generasjonen.
  • Løper ultramaraton, går lange skirenn og likar seg best i uvêr og når han må slite.
  • Favorittstedet er det karrige, nakne høgfjellet.
  •  Skildrast som arbeidssam, entusiastisk og omsorgsfull. Og som ein skikkeleg hardhaus.
  • Har topplasseringer i Åsnes Expedition Amundsen frå tidligare år.

Les mer om Hardinglaupet her: Hardlinglaup
Les mer om Åsnes Expedition Amundsen her: Expediton Amundsen

Produkter brukt av ambassadøren: