fbpx

Sesongen som var 18/19 – Moa Hundseid

I vår har vi gjort en rekke intervju med våre ambassadører for å høre litt hvordan deres skisesong var, hvilke utfordinger de møtte og for å få en liten oppsummering.
Her er en oppsummering av hva Moa Hundseid har gjort i vinter – fra Vestlandet, til Finnmark og til Nordvestpassasjen.

 

«Sesongen viktigste mål har vore fokus på leik og moro! Å leika seg i vestlandsfjella heime, nytta den snøen som er kommen og å drøyme om større eventyr på samme tid! Ski skal væra moro! Ein skal le, drøyma og tryna på ski! Læra nye svingar og ønska å seg meir erfaring! Men mest av alt ha det morro! Det har eg hatt i år.»

 

Først – fortell litt om deg selv, hvilke planer og hvilke forventninger du hadde til skisesongen?

HEI! Mitt navn er Monica Hundseid, men jeg går ofte berre under kallenavnet «Moa». 26 år og for det meste bruker eg tida ute i det fri, enten på ski, eller med fjellstøvlar. Til vanlig jobber eg som polarguide og har på eit eller anna vis klart å livnæra meg å gå på tur. Ikkje spør korleis, men det funker!

Eg elsker å være ute på tur, i Norge eller verden over. Sesongen så langt har vore dårleg på vestlandet, dessverre. Men eg har klart å stå ein del på ski likevel. Vi har leita opp snø der det har vore mogleg her heime.

 

Fortell oss litt om vintersesongen så langt, hvordan har skisesongen din vært i år?

Eg bur på ein fjellgard saman min sambuar og hundane våre. Garden ligg tett opp mot fjella og gjer oss anledning til å besøke fjella ofte, og uten for mykje styr når snøen melder sin ankomst. Ettersom det har vore ein dårligare sesong heima enn vanleg, har eg vore på tur til Svalbard med min gjeng med bestevennar. Det gjorde vi ikkje berre for å stå på ski, men og for god mat og litt fest.

Videre dro eg til Finnmark og leda ei gruppe over Finnmarksvidda. Det var ein deilig gjeng med eventyrlystne som ville oppleva det Finnmark hadde å by på. Vi fekk nydelige solnedganger, -35 blå og litt whiteout. Finnmarksløpet gjekk av stabelen den samme veko, så vi fekk og oppleve hundrevis av polarhundar galoppere forbi skia våre.

Litt seinare i sesongen tok eg ein tur til Canada for å krysse Norvestpassasjen med ei gruppe bestående av internasjonale gjestar.

Gruppa bestod av folk frå Australia, England, Norge, Kina og Estland – men absolutt alle hadde ski frå Åsnes! Både Cecilie, Amundsen, Liv og Ingstad var med på tur.

400 km i arktisk klima, for å oppleva havisen mellom Cambridge Bay og Gjøa Havn. Isbjørn. -40 grader og nokon deilige soloppgang -og nedganger fortrollet oss inn i en fantastisk eventyrverden. Vi fekk oppleva og erfart korleis det er å være i nordlige Canada – stort, vilt og utrulig flott. Mange kilometer ble tilbakelagt, men eg er mest fornøgd med å få oppleva nye eventyr og nye fjes. Fleire eventyr er opplevd, og enda fleire er planlagt!

Akkurat no nyt eg forsommaren med famile og vennar, dyra mine og fjellgarden. For tida skriv er bok, og drar rundt og viser fram ein dokumentar som blei laga om min reise til å bestige Mt.Everest i 2018. Eg gleder meg til festivallivet, sommaren og mer tid til fine mennesker. Eg skal og auke størrelsen på familien med tre nye polarhundar som kjem til å forme sommaren min mykje. Eg gleder meg som ein unge!

 

Hva har vært sesongens høydepunkt, og hvorfor?

Sesongen viktigste mål har vore fokus på leik og moro! Å leika seg i vestlandsfjella heime, nytta den snøen som er kommen og å drøyme om større eventyr på samme tid!

Ski skal væra moro! Ein skal le, drøyma og tryna på ski! Læra nye svingar og ønska å seg meir erfaring! Men mest av alt ha det morro! Det har eg hatt i år.

 

Hva kunne vært bedre, eller hva kunne du vært foruten i vinter?

Eg kunne vore foruten varmegradar!!! Eg vil ha kalde blå, 1 meter snø og at alle søte mennesker skal ha fri så me alle kan vara i lag å ha det kjekt!

 

Er det noe annet du vil fortelle, eller noe annet som har

engasjert deg i vinter?

I vinter har eg planlagt nye turar til ulike destinasjonar! Eg har ein drøm om å stå på ski ned eit høgt fjell i Nepal! Eg held på å spara pengar og forvillar meg inn i nye

drømmar og eventyr. Men eg har og fokusert på å nyta den tida eg er inni, gå på ski i lokalområde og gleda meg til å møta nye mennesker gjennom guideyrket.

 

Og til slutt, vi må jo selvsagt spørre hvorfor du velgerÅsnes ski!?

Åsnes har fulgt meg heila livet! Som lita jente har mamma og pappa bært meg inn i hytta på fjellet med skia på. Det var nokon korte raude ski som eg hadde arva av storebror som han igjen hadde arva av eit anna søskenbarn. Eg nekta å komme inn å ete middag, eg ville aller helst vara ute å leike på ski. Heile tida!

Alle lange skiturar eg har vore på, eg nevnar; til Grønland, Chile, Alaska og Canada, så har eg alltid hatt ein sleten skibag med Åsnes ski inni.
Åsnes har eit breit sortiment av ski som passar kvart eit kontinent, med flate lange. Kvite vidder eller om det er til bratte vestlandsfjell i sør eller i Nord Norge. Servicen skal ein heller ikkje undervurdere, om det er det noko ein lure på, så får ein hjelp.

Kunnskapen bak Åsnes er uendelig og dei er ydmyk! Det like eg. Dei gjer det ekte og like tilegnelig for eventyrarar, som til Ola og Kari som vil på søndagstur utanfor dørstokken.

Ski sprer glede, gir deg muligheten til å få nye bekjentskaper til folk og utforske kontinentar, og ikkje minst lokalområdet hvor du kanskje har budd heile livet. Det skape samhold, eventyr, glede og kunnskap. Derfor velge eg Åsnes!

 

Klem, Moa

Nyyt sommaren! Snakkast på fjedle!