I nesten 90 år har Åsnes produsert robuste fjellski til turar og ekspedisjonar. At nokon kunne finne på å etablere ein skifabrikk ytterst i havgapet er for mange ubegripelig i dag, men på den tida var snøtilhøva betre. Åsnes-brørne som starta skiproduksjon var lidenskaplege skikøyrarar, som gjekk at og fram frå Oslo på ski når dei skulle heim på besøk.

I Noreg var det mange skifabrikkar på starten av 1900-talet, men svært få av desse overlevde. I dag er Åsnes ein av to gjenlevande norske skimerke og den einaste med norske eigarar.



Start i ei sperrestove


Arne var den eldste av Åsnes-brørne. Han hadde flytta til Oslo i 1910, der han fekk arbeid på L.C. Hagen Skifabrikk. I tur og orden kom dei andre brørne; Jonas Åsnes, Kristian Åsnes, Alf Åsnes og Kolbjørn Åsnes til Oslo og fekk seg arbeid i skifabrikken. Leif Åsnes var også i ein periode innom ein annan skifabrikk.

I 1922 starta brørne Jonas Åsnes, Kristian Åsnes, Kolbjørn Åsnes og Leif Åsnes eigen skifabrikk i ei gamal sperrestove heime på farsgarden Åsnes på Straumsnes. Arne og Alf budde i Oslo, men hjelpte innimellom til heime.

Treverket til skiproduksjonen kjøpte brørne på rot på andre sida av fjorden og slepte det etter robåt over til Straumsnes, kor dei bygde den første fabrikkbygninga i 1933. Der dreiv dei fabrikken som rein familiebedrift fram til 1938. Då fekk Åsnes-brørne ein ordre på 1800 par ski til Forsvaret, og måtte tilsetje meir folk.

I 1948 vart fabrikken totalskadd av brann, men i 1950 stod ein ny fabrikk med 465 kvadratmeter i grunnflate og tre høgder ferdig.



Strid om produksjonsmetodar


Med ny fabrikkbygning satsa Åsnes Skifabrikk også på produksjon av ski i laminert tre etter den såkalla «splitkein»-metoden. I 1952 reiste Splitkein-fabrikken på Hønefoss, eigd av den kjende OL-meisteren Laila Schou Nilsen, sak mot Åsnes. Splitkein-fabrikken hevda å ha einerett på produksjon av laminerte ski. I 1957 vann Åsnes Skifabrikk saka.



Frå treski til glasfiber


Glasfiberskia kom for fullt i internasjonal skisport frå 1972. Men alt på slutten av 1960-talet hadde Åsnes utvikla sine eigne prototypar i glasfiber. Utover 1970-talet kutta konkurrentane ut treskia og satsa berre på glasfiber. Men mange heldt seg framleis trufast til treskiene - eit produkt som dei framleis kunne få frå skifabrikken på Straumsnes. Det siste partiet med treski frå Åsnes vart levert til Forsvaret så seint som i 1987.



Solstolar, dører og hoppski


Skifabrikken på Straumsnes har ikkje berre livnært seg på skiproduksjon: I mellomkrigstida var fluktstolar i tre og canvas eit viktig produkt. Då produserte Åsnes også skistavar og bordtennisracketar. Årar til robåt var i mange år eit stort produkt. I mange år hadde fabrikken også delleveransar til dørfabrikkanten Moelven. Dei leverte også deler til vevstolar til ein fabrikk i Arna.

Sjølv om fjellski gjennom alle år har vore det sentrale produktet, forsøkte Åsnes Skifabrikk seg også på hoppski i ein periode på 1980-talet.

På 1980-talet kom også telemarkssvingen for fullt. Åsnes Skifabrikk vart tidleg ute med ei spesialutvikla telemarkski, og var med det ei tid dominerande på denne marknaden. Kring 1970 satsa Åsnes Skifabrikk på eksport av ski, og fekk etter kvart store leveransar til USA, Canada og fleire europeiske land.

I 1977 var produksjonen komen opp i heile 137.000 par ski i året.



Konkurs 1998 og nye eigarar


Fleire snøfattige vintrar og beinhard konkurranse frå mellomeuropeiske skifabrikkar skapte fleire gonger vanskar for Åsnes Skifabrikk på 1980- og 1990-talet. I 1998 gjekk den familieeigde verksemda konkurs og Åsnes-familien gjekk ut av leiinga.

Eit nytt selskap med namnet Åsnes Ski AS vart skipa i 1999 og drifta fortsette fram til 2006



Skigutane overtek i 2006


I 2006 beslutta Skigutane AS å gå inn på eigarsida og kjøpte i fyrste omgang 90% av aksjane. Skigutane forsøkte i to år å oppretthalde skiproduksjonen på Straumsnes utan å oppnå lønnsamheit. Hausten 2008 vart difor drifta på Sraumsnes avvikla og store delar av produksjonen vart flytta til Extrem Snowboard i Sverige, som også Åsnes/Skigutane eigde.

Skigutane er kjend for kreative løysingar. Alle skimodellar vart i 2006 endra og markandsføringa fekk eit nytt kreativt tilsnitt, noko som saman med den geniale fellelåsen førde til ein omsetningsvekst på 50%.




Dei første skia vart laga i denne stova.


Den nye fabrikken i 1950


Lagar emne til laminering.


Skigutane Hans og Øyvind.